28. april 2013

Prosjekt gang..

Eg elskar gjennbruk!
Når Fargerike her rydda lageret sitt og gav vekk utgåtte tapetbøker, då var eg snar å ta turen innom. For eg har eit prosjekt på gang.
I ein gang :)
 
 
 
Kikka gjennom og fann desse eg ville ha på veggen..

 
Ikkje alle kom opp på veggen, prosjektet endra seg etter kvart..
Det får komma på trykk når gangen er ferdig ;)
 
Ha ein fine veka! :)

27. april 2013

Sol..


...frå morgon til kveld :) 


Håpar alle har ei fine helg! :) 

14. april 2013

inspirasjon barnerom..



 
 





 
Fann litt inspirasjon til guten som likar kjøretøy, stjerner, bokstavar og tall. Nye rommet hans vert i gråtonar så litt fargar må ein jo ha :) H&M Home har mykje artig i hyllene.
 
Her har me hatt ein skikkeleg kosedag idag med bollebaking og fyr i ovnen.
Ute regnar og bles det. Etter så mange finversdagar utan nedbør er det godt det vert vatna litt ute!
 
Ha ein fin søndagskveld:)
 
 

9. april 2013

POUL PAVA..




Elskar denne serien fra POUL PAVA!
Herlege teikningar som passar perfekt inn i ett lekent sinn. 
Denne store vasen vart med meg heim ein dag, passar perfekt på det store spisebordet og fargane er bere vårlege og fine.

Skulle gjerne hatt nokre av dei herlege koppane som høyrer til. Men etter skapplassen å dømma lyt det venta på seg litt til, hihi ;)





Etter nokre dagar her no med siste krampetrekning fra himmelens snølager gjer det ekstra vårleg inne med lyserosa roser på bordet.

Ha ein fin ettermiddag!

7. april 2013

God medisin i gamal nostalgi..

 
Eg fann eg fann!
Ei flott gamal glasflaske som for mange år sidan hjalp ein kvan med å lindra hosten.
Flaska fra Ørneapoteket i Haugesund innehaldt blandede hostedraaper.
Ein stor, men liten skatt i mine auge! :)   
 
 
 
Nyt søndagen!

1. april 2013

På gjennsyn..


...påske kyllinger og gule egg..
Så var en fantastisk herlig påske over for denne gang. 
Hver dag har blitt brukt sammen md familien. Det har blitt hyttekos ved sjøen og tur i mark og fjell. Påskeharen kom med påske egg i hagen, og mange godt middager i Sikje. 
Og ikke minst, mange gode minner å ta med seg videre!








                                                 

Denne lille kyllingen vinker hei då, og ønsker alle en fin uke!