29. august 2013

Drivved..


Mange kjenner kanskje att denne tapeten frå Borge? 
Eg har kjøpt min på Fargerike Bømlo .
*tommel opp for kjempe service*
Du trur kanskje den er på veggen?

 


Nei eg valgte den på eit stk målingslitt og skjoldete kjøkkenbord. Det velbrukte bordet vart forvandla om til ein ny skatt på kjøkkenet.
(For mykje lim på bordplata om den er måla frå før = dårlig erfaring då eg gjekk litt bananas på siste remsa..hihi..)
Og no som det er tre lag med halvmatt gulvlakk over gjer det bordet rusta for søl og klin. 


Snart helg, nyt den! 

11. august 2013

Tavlemaling..

Goguten vår har fått ein heil vegg på rommet han kan utfolde sin kreativitet. 
Ein veit ein har gjort noko rett når han kjem heim frå ferie og får ett kritt i handa, snur seg mot meg og seier: Tusen takk mamma for du har laga sånn fiiin vegg te meg! 
ÅJ, og sånn med stjerner på! Eg eeelska stjerner! 
*Smelt* 
Skal ikkje ta all krediten for rommet, for det er ein som har gjort mykje meir enn meg,hihi ;) 








Rommet har fleire detaljar i rødt og med traktor motiv. Vart nødt til å ta klokka med heim, er jo ein Massey Ferguson på den ;) 
Lampa er frå Clas Ohlson og finnes med fleire fargar på ledningen og motiv på kuppelen. Eg fekk denne då eg var på Haugakos bloggtreff. Eller eigentleg fekk eg ei svart, men sidan skjønne Vidunderleg spurte så fint bytta eg mot hennar raude. Var jo midt i blinken når eg endeleg fann ut kor den skulle vera ;)
Takk til Vidunderleg og ikkje minst Clas Ohlson
Treskoa kjem frå ein besøksgard i Amsterdam.

Ha ei fin veke!

6. august 2013

Roser frå hagen..

Eg synes roser frå hagen er enda finare enn dei ein kjøper på butikken. 
Det er liksom noko heilt eget med desse. 
Så luktar dei så mykje betre og :) 


Ha ein fine tirsdag! 

4. august 2013

Vornes

Ei fine helg med familien på hytta forje helg. Fantastisk med hyttekos, seine sommarkveldar og lang frokost.
På laurdagen laga velforeningen til fiskekonkurangse. 
Klart me vart med! :) 

Med skoddedis som startsutgangspungt vart det sol utover dagen, og den stråla om kapp med alle som tok turen. Ja for kven kan vel la vera å smila når sola står høgt og ein har levande musikk på kaien :) 
Nokre var så heldige å få plassering på pallen og nokre vann på loddsal. 

Me fekk kun to små paler som me mata krabbane med. 
 *ler*












Når fiskarguten sovna for kvelden satt mor og far seg i strandkanten. Med bål for å halda myggen vekke og ferske reker frå nærbutikken. 
..LYKKE..