4. februar 2014

Fargen som gir meg ro..


Alltid likt blått. 
Noko med den fargen som gir meg ro i sjela.. Kanskje mest fordi den minnar meg om havet.. 
Måkeskrik, motor dur frå ei gamal tresnekke som tøffar forbi, og bølgeskvulp langs rekka.. Sommarminner frå barndommen når ein vassa i stranda for å finna krabbar og skjell.. 

Når eg lukkar augene reiser eg tilbake i tid, høyrer på alle lydane og kjenner lukta av frisk sjøluft mens eg drøymer om sommar og sol. 

DET ER LIVET DET! 






Har du ein farge som gir deg gode minner?