Viser innlegg med etiketten ..altering... Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten ..altering... Vis alle innlegg

1. april 2017

#173 vår

Mitt bidrag til Kort O Manias utfordring nummer #173, VÅR. 
Kva er vel ikkje meir vår enn når påsken står for annmarsj? Då veit ein at laaange haust og vintarmånadar er på hell og sola byrjar å varma. 

På egget har eg brukt eit stempel frå All dressed up stamps, det er så mykje fine digi stempel å finna her :) 



Ha ein kreativ dag! 

16. november 2016

#164 Alt er lov..

Ny utfordring hos Kort O Mania. 
Denne gongen er alt lov. 
Ta ein tur inn å sjå den flotte inspirasjonen resten av teamet har laga! 

Eg har dekorert ein liten boks. 
Kjem litt i julestemning av å lage slike sjølv om kalenderen fortsatt står på november og regnet pøsar ute. 

Boksen vert nok med på julemarknad. :)


Her har eg brukt boks og juletrær frå Søstrene Grene. 
Isoporkuler til snøballar. 
Osteklut, gamal bok, distress ink, og gesso. 

Hiv meg med i utfordring hos:

Ha ein kreativ dag! :) 

7. juli 2016

Dåpsgåve..


Denne minneboksen vart innpakning og kort til ei dåpsgåve til ei lita prinsesse. 
Her kan ho samle sine kjære minner frå sine barneår. 




Boksen er frå Søstrene Grene og mala med kvit gesso før den vart kledd med nydlege ark frå Maia Design. Blomster frå Kort og Godt og chipboard frå bla Wycinanka. Desse fekk seg litt embossing på for ein liten ekstra effekt.  


22. mars 2016

Påskeegg..


Eit av årets påskeegg. 

Ynskjer alle ein fin påske! 




Svart gesso, kvit akryl maling, blomar, fjør og embossingpulver.

Utfordring hos

Scrappegarasjen : utfordring 22. 
Eg lot meg inspirera av fargen rosa og den fjærlette kjolen på biletet.

Papirlosjen : Vår i luften.



6. september 2015

Då eg var lita jente...


Ei lita skattekiste til dåpsbarnet som det kan gjøymast små skattar i. 
Boksen er ganske stor så den får plass til litt av kvert. 




Mitt bidrag hos Scrappelyst: Bingo.
Eg lot meg inspirera av skisse, paljett og sirkel. 

Brukte denne skissa her. 



18. august 2012

Gleden er størst..

..når en deler den med andre..


Ett par full fart bilder av en sjokoladeeske som ble gitt i gave.
Ikke alltid en kommer på å ta bilder i farten, jeg har mange bilder tatt med en sliten gammel telefon for å si det slik ;)



Papiret på sidene er fra Maja designs sommer kolleksjon. Hjelpe meg så mange flotte ark det er!
Sommerfuglen er dias fra Marianne design, malt og herjet litt med.
Så er jeg veldig glad i dymo tape tekst for da slipper man jo å skrive selv.
.


I poselommen ligger ett tag kort og litt "lommepenger" til bursdagsbarnet.

Ha en herlig helg! :)