Viser innlegg med etiketten ..kreativitetsrom... Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten ..kreativitetsrom... Vis alle innlegg

16. mars 2015

Splætt og klin..

Gratulera! 



Splætt og klin. 
Klint litt paste på ein stensil. Dette vart sverta litt når den var tørr. 
Så splætta litt med rosa og lilla farge, samme farge som augenstikkaren er farga med.
Litt krussedulla og litt stempling med søte små bokstavar.
Vips, klar for fest :) 


Ha ein fin dag! 

10. februar 2015

Snart vår..

Snart er våren her.. igjen.. 
Kvar vart det siste året av? 
Tida fyk av stad.. 


Når ein er ute og høyrer fuglane syng av full hals, gradestokken er på + 7,4 grader (noko den for såvidt har vore nesten heile vinteren her), nokre av buskane i hagen har fått knoppar, og livet er berre lækkert. Då er det vanskeleg å ikkje verta inspirert itl å laga eit vår-kort. 




Dette er mitt bidrag til Scrappegarasjens utfordring #7, bruk av washitape. 

Mitt val falt på ein med skjønne blomar og ein med fuglar som syng av full hals :) 
Marius-mønster stensilen er frå Tim Holtz.
Biletet er eit Project Life kort. 
Eg har her lekt meg litt med eit produkt Finnabair har laga. Det er ein matt gel som gav fin 3d effekt. 
Denne er og fin å pensle utanpå bileter for å matte dei ned litt :) 

Fleire som her dilla på # tekststempel frå Staz?? :)

3. februar 2015

Dåpsinvitasjon..

Når ei lita prinsesse skal døypast må det lagast dåpsinvitasjonar :)
Festen hadde me i Krambusalongen til Opplev Bømlo ved Kulleseidkanalen.
Kan verkeleg anbefalast! :)

Eg er svak for drivved, og då eg ramla inn i hylla med dette fine mønsterarket måtte eg berre laga noko med det. 
Røft men søtt og eit hint av nostalgi. 
Akkurat slik eg likar det :) 



Mønsterark frå Maja Design, 
Blomar frå Papirdesign,
Kjolen er sverta me distress ink, tattered rose.


Ha ein fin dag! 

31. januar 2015

Kalender 2015

 Bidrag til Scrappegarasjens ekstra utfordring om å laga ein kalender. 
Du finn utfordringa her. 

Drivvedvegg frå Maja Design ark, 
blomster frå Papirdesign,
washitape,
og klesklyper kjøpt hos Stoffbua.
 . Piler frå Søstrene Grene.
Og klips frå Clas Ohlson.




8. september 2014

Småpyssel..

Nokre få flanellsbleier vart forvandla til ein haug med mjuke og gode vaskefiller.






Storebror seier me må laga fleire. 
Det er nemleg mange små fuglar som må få seg nytt skjerf slik som fuglen Pip fekk :) 





13. juli 2014

Kva er livet..

Har du besøkt Scrappegarasjen ? Ein nystarta blogg med utfordringar og masse inspirasjon blandt designerteamet deira. 
I september opnar dei og nettbutikk og butikk i Mandal. 
Nett no har ei utfordring gåande, og her kjem mitt bidrag.
Ein skulle la seg inspirera av logoen deira. 
Trykk deg inn her om du vil vera med du og :) 



Eg har valgt å bruka sterke fargar. Ein del turkis, men og med knall rosa bokstavar. 
Eg synast teksten på biletet eg laga passar godt til å ha på kreativitetsrommet mitt. 
For kva er vel livet utan kreativiteten?? :) 
Etter ei godt stunds tørke er det godt å komma seg i gang med kreative krumspring igjen. :) 

Ynskjer alle ein fin søndag!

22. juli 2013

Bursdagskort

Bursdagskort til dagens bursdagsbarn. 
Gratulera med dagen!


Kvit Bazzil, mønsterark frå Maia Design, figur frå Panduro og sverta med distress ink- old paper. 


28. juli 2011

Rom for kreativitet..

Er hvertfall meningen dette rommet skal bli mitt eget rom, kun for mine kreative påfunn.
Har planen klar for hvordan alt skal bli, så får vi se da om det blir som jeg har tengt. Og ikke minst når.. Er hvertfall ferdig med å male tak og panel, så er da litt på vei selv om det gjenstår mye. Til og med vinduer og det elektriske skal nytt her inne..  


Med bord langs veggen blir det plass til både symaskiner og all slags papir dilldall.
Planen er ett eget bord med hjul som kan flyttes rundt ettersom hvor stor plass jeg trenger. Kan jo være jeg inviterer scrappejentene mine med ned hit også. Da må det jo være plass til dem :)


Noen kan leke og kose seg mens andre må jobbe ;)


Ha en herlig torsdagkveld :)