Viser innlegg med etiketten ..handlaga... Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten ..handlaga... Vis alle innlegg

1. april 2017

#173 vår

Mitt bidrag til Kort O Manias utfordring nummer #173, VÅR. 
Kva er vel ikkje meir vår enn når påsken står for annmarsj? Då veit ein at laaange haust og vintarmånadar er på hell og sola byrjar å varma. 

På egget har eg brukt eit stempel frå All dressed up stamps, det er så mykje fine digi stempel å finna her :) 



Ha ein kreativ dag! 

18. desember 2016

Pakkelapp..

Ein av årets fullfart pakkelappar..


Brukt ark og tekststempel frå Papirdesign, Crazy dog stempel frå Tim Holtz. 


Hiv meg med i utfordring hos Papirdesign: Jul 31.12.16

16. desember 2016

#166 jul

Ny utfordring hos Kort O Mania. 
Denne gongen er det jul som er tema. 

All dressed up sine digi stempel er berre supersøte. 
Du kan vinna eit ved å vera med inne hos oss i Kort O Mania. 

Her er mitt bidrag denne gongen. 





Bazzil, mønsterark frå Maja Design, tekst stempel frå papirdesign, digi stempel frå All dressed up, blomster, fran tage embossing brukt som snø, gesso, halvperler. 

Hiv meg med i utfordring hos 

Scrappelyst: inspirert av ein sang. Inspirert av Snømannen Kalle 06.09.17


Og det må jo vera prosjekt med embossing på. Rett og slett for eg er veldig glad i å bruke det for tida.  ;) 16.01.17


Ha ein kreativ dag! 

19. juni 2016

Kjære brudepar..


To fine folk gav kverandre sitt ja i går. 
Gratulerar til begge to, perfekt par! :) 

Nytt kort og ein gyllen anledning til å bruka dei herlege fuglane igjen :) 


Eg vann eit gåvekort hos Hobbygarasjen og det vart brukt til Crazy bird diesen. Veldig nøgd med å ha fått den i hus :) 

Fuglane fekk seg litt svart glitter, men det kom ikkje så godt fram.




Deltek i utfordring hos:






30. mai 2016

Kos på tur..

Det er viktig å kosa seg litt. 
Sol og nesten sommar. Passar bra med ei kvil på den gamle benken.
Her er me ved huset i Storhaugvik. Me kallar det berre bruks nummer tre. 
Ein flott plass å la skuldrene senka seg, og la lungene fyllast med frisk sjøluft. 






På layouten har eg brukt stempel med gesso, fjør, frantage embossing og litt blekk. 

Med denne er eg med i utfordringa til:



22. april 2016

Bryllupskort..

Bryllupskort med bruk av brusho.
Har lagt frantage embossing rundt hjarta for å få ein ekstra effekt. 



Mosegummi med glitter, frantage, brusho, gesso, dots.

Deltek i utfordringane:







22. mars 2016

Påskeegg..


Eit av årets påskeegg. 

Ynskjer alle ein fin påske! 




Svart gesso, kvit akryl maling, blomar, fjør og embossingpulver.

Utfordring hos

Scrappegarasjen : utfordring 22. 
Eg lot meg inspirera av fargen rosa og den fjærlette kjolen på biletet.

Papirlosjen : Vår i luften.



15. januar 2016

This is where..

..it all begins..

Elskar desse Project Life korta. Fine pastell fargar og fine tekstar. 
Her er eit kort til ein ny liten borgar. 


Bazzil, Project Life - Imagen edition, halvpærler, stjerne i never, hampetråd, distress ink - wethered wood, marius - mønster stnsil frå Tim Holtz, paste og fjør frå ein tapetrest. 

Leverer inn til:

Kort o Mania - Alt er lov.
Papirlosjen - #Favoritt.

18. desember 2015

Gåvepose..

Enda ikkje sett Scrappegarasjen har adventskalender? 
Ein tur innom bloggen deira kan vera plassen for å henta mykje inspirasjon! 
            
Heldige meg har fått lov å bidra med heile tre innlegg i år!
Tusen takk for det! :)

Her er mitt siste bidrag, ein gåvepose.

Søte små juletrær i never fekk seg litt snø.
God gamaldags rettelakk vart til snøfnugg.
Å du?
Hugs å vær uskikkeleg så julenissen og får litt fri ;)






Det eg har brukt her er:
Gåvepose,
Mønsterark frå Papirdesign - Stille natt,
Juletre i never.
Stempel tekst for kaboks,
Hamptau og osteklut,
3D Snow effect,.
Tipp-ex (rettelakk).

Ha ein kreativ adventsdag!

12. desember 2015

Julekort..

Her er mitt 2. bidrag i Scrappegarasjens adventskalender.
Eit julekort i CAS stil.

Ta deg ein tur innom bloggen deira, 
her er det mykje inspirasjon å henta!

Tusen takk for eg fekk bidra nok ein gong! :-) 
            




Eg er litt meir enn middels engasjert i å finne utstyr som ikkje er meint til scrapping for så å bruka det til nettopp scrapping. Eit av mine funn er desse søte snøballane som eg fann for nokre år sidan.
( Er rimeleg sikker på at dei sto i ei hylle på Nille )
Dei har blandt anna vorte brukt til blåbær før.

Då eg fann denne søte chipboard snømannen var det jo heilt klart at han måtte få nokre snøballar å sjonglera med.  *smiler*

Det eg har brukt her er:
Bazzil,
Chipboards frå Wycinanka,
Kakeserviett,
# Stempel frå Staz,
Snøballar med glitter i isopor,
3D Snow effect,
Dies frå
Stickles i gull.

Ha ein kreativ adventsdag!

3. februar 2015

Dåpsinvitasjon..

Når ei lita prinsesse skal døypast må det lagast dåpsinvitasjonar :)
Festen hadde me i Krambusalongen til Opplev Bømlo ved Kulleseidkanalen.
Kan verkeleg anbefalast! :)

Eg er svak for drivved, og då eg ramla inn i hylla med dette fine mønsterarket måtte eg berre laga noko med det. 
Røft men søtt og eit hint av nostalgi. 
Akkurat slik eg likar det :) 



Mønsterark frå Maja Design, 
Blomar frå Papirdesign,
Kjolen er sverta me distress ink, tattered rose.


Ha ein fin dag! 

31. januar 2015

Kalender 2015

 Bidrag til Scrappegarasjens ekstra utfordring om å laga ein kalender. 
Du finn utfordringa her. 

Drivvedvegg frå Maja Design ark, 
blomster frå Papirdesign,
washitape,
og klesklyper kjøpt hos Stoffbua.
 . Piler frå Søstrene Grene.
Og klips frå Clas Ohlson.




8. september 2014

Småpyssel..

Nokre få flanellsbleier vart forvandla til ein haug med mjuke og gode vaskefiller.






Storebror seier me må laga fleire. 
Det er nemleg mange små fuglar som må få seg nytt skjerf slik som fuglen Pip fekk :) 





15. desember 2013

Merkelappar..

Eg har aldri likt å kasta kler.. Enten endar dei opp i Ukraina eller så vert dei filler.. Denne buksa var rett og slett ikkje noko å senda i frå seg, og etter litt inspirasjon eg fann på ei facebook side vart resultatet slik..

Ei gamal bukse, litt kvit maling, maljer, ulltråd, snøkuler og stempel..
Vips vart det merkelappar på nokre pakkar til jul.. :) 

Baksida er og mala litt kvitt på. Her står det til og frå:) 




Minkar stadig på lista over gåver som skal i hus,  men enda nokre igjen..

Ha ein fin kveld! :) 

4. november 2013

Tid for litt jul..?

Litt julestemning tidleg i november er vel lov? 
Kjenner eg byrja verta klar for juleforberedelser. Masse kos saman med goguten vår. Pakke inn gaver, lage småkaker, finne fram adventspynten og vente på julesnøen.. Ja sistnevnte kan godt venta litt til, har betre ting å gjera enn å skifte dekk på bilen, hihi ;) 



Fine handlaga julesokken eg fekk til bursdagen. Kjekt med bursdag, i tillegg til ein får besøk får ein mykje fint og;)  Sokken får henge framme til jula er over:)  Bladet KK jul var inni. Masse fin inspirasjon :) 

Korleis er det med deg, har julestemningen byrja å snika seg fram ?  

19. juni 2011

Ny pute..

Ett herlig bilde av minstemann fikk hedersplassen på en pute jeg sydde til campingvognen vår.
Bildet er det mi kjære kusine som har tatt. Hun er så utrolig flink med kamera :)



Utrolig artig å sy slike puter så det blir det nok flere slike etter hvert.

Ha en herlig dag :)












2. januar 2011

Hjemme snekret hylle..

Har lenge ønsket meg en hylle på kjøkkenet.
Manglet liksom noe på veggen, litt plass til å sette små krukker og pynt.
Siden jeg ikke har funnet den rette, og ikke hadde lyst til å vente mer dro jeg like godt bort på Montèr å kjøpte deler og mekket selv.


Min kjære hjalp meg med å sage siden det skulle være beint, har ikke helt fått til å samarbeide med håndsag enda jeg;)
Minstamann hjalp mamma med å pusse den så ble den beiset. Beisen hadde vi fra før. Den er samme som vi brukte på sengegavlen.



(Den er ikke så skjev som det ser ut til ;) )
Vips så var hyllen på veggen. Kunne jo ikke vente med å putte ting på den.
Noen som kjenner seg igjen eller? ;)
Den er ikke helt komplett enda for jeg skal ha knagger på den og, de skal snille MammasHus bestille for meg :)

Denne skjønne nissen fikk av ei venninne i fjor. Så fin med lys i!




Norgesglass er så fint og praktisk! Kan jo brukes til alt.
Vaskepulver, sukker, mel, knapper, lage lampe og mye mye mer. Bare fantasien setter grenser.
Her har en av julens mange svibler fått plass.




Synes dette skiltet var så fint. Teksten sier jo alt. Det kommer fra en ny leverandør som dere blandt annet kan finne på MammasHus. Der hvor jeg finner di fleste av skattene til huset ;)

Ha en herlig kveld!

22. mars 2010

snart påske..

Photobucket

Ja nå nermer påsken seg..
Håper på mye fint påskevær så vi kan gå tur med kakao på termosen og kvikklunsj i sekken:)
Siden vi ikke har så mye påskepynt satte jeg meg ned for å dekorere noen påskeegg.
Her kommer noen bilder av eggene..

Photobucket
De hvite eggene har jeg bare brukt hvitmaling på før jeg dekorerte dem.
Photobucket
Dette egget skal jeg gi bort. Det har ett lite pynte smykke. Bilde av en engel på ene siden og teksten "made for an angel" på den andre.
Photobucket
Her har jeg valge å ikke ha band rundt magen på egget slik at jeg kan fylle det med deilig påskegodt:)
Photobucket
De fine dukene som dere ser på bildene har jeg kjøpt på gjenbruksbutikken for bare 5kr stykke:)
Photobucket
På dette egget har jeg prøvd meg med decuopage. Det var ikke så lett å få det fint brettet rundt så jeg er glad det ikke var mønster på den delen av servietten som jeg tok rundt,hihi..
Photobucket

Det var det :)
Ha en fin kveld!