Viser innlegg med etiketten ..gjennbruk... Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten ..gjennbruk... Vis alle innlegg

27. januar 2014

Da hylla for..

..Kom det inn eit vitrineskap... Mykje meir praksisk sidan det rommar mykje meir ;) 

Forje eigar såg seg lei i skapet, og då var ikkje eg vanskeleg å be. Det sto ei stund akkurat slik det var på eit soverom, men den brunrøde beisen passa ikkje heilt inn. 
Profillista på toppen vart skrudd av, og etterpå vart skapet mala grått med ein lys blå innside. 





Lysekrona er eg veldig glad i. Den kjøpte eg for bursdagspengar for nokre år sidan og heng som eit fint minne om Mommor <3 p="">




Såå glad for desse fine alve-koppane me fekk til jul! :) 



Her er det lyst og fint ute idag. Kaldt, men fint. Og til og med sola har kikka fram. 

Ha ein herleg kreativ deg! 

15. desember 2013

Merkelappar..

Eg har aldri likt å kasta kler.. Enten endar dei opp i Ukraina eller så vert dei filler.. Denne buksa var rett og slett ikkje noko å senda i frå seg, og etter litt inspirasjon eg fann på ei facebook side vart resultatet slik..

Ei gamal bukse, litt kvit maling, maljer, ulltråd, snøkuler og stempel..
Vips vart det merkelappar på nokre pakkar til jul.. :) 

Baksida er og mala litt kvitt på. Her står det til og frå:) 




Minkar stadig på lista over gåver som skal i hus,  men enda nokre igjen..

Ha ein fin kveld! :) 

10. november 2013

Med fyr i oven..

..vert det lunt og godt i huset. Det er fint å sitte inne når hausten rusker utanfor. 
Det er ein del slike dagar for tida, men i dag strålar sola på den blå himmelen.   



Gratulera med dagen verdens beste pappa! 

Ha ein fin søndag! 

15. september 2013

Ein krakk..

..full i skjarm..
Veggene på badet har fått seg nokre strøk med maling. Krakken som har hatt sin heim på hytta i mange mange år fekk fortsetta å bu her. 
Den passar perfekt inn her, heilt i sjøkanten. 


Ønsker alle ein fine søndag! 

29. august 2013

Drivved..


Mange kjenner kanskje att denne tapeten frå Borge? 
Eg har kjøpt min på Fargerike Bømlo .
*tommel opp for kjempe service*
Du trur kanskje den er på veggen?

 


Nei eg valgte den på eit stk målingslitt og skjoldete kjøkkenbord. Det velbrukte bordet vart forvandla om til ein ny skatt på kjøkkenet.
(For mykje lim på bordplata om den er måla frå før = dårlig erfaring då eg gjekk litt bananas på siste remsa..hihi..)
Og no som det er tre lag med halvmatt gulvlakk over gjer det bordet rusta for søl og klin. 


Snart helg, nyt den! 

7. mai 2013

Bruktduellen..


Utfordringen i mai er bruktduellen. 
Alle bidrag er med å støtta regnskogfondet. Det kan eg lika :) 
Flotte bidrag er kommen inn. For deg som likar gjenbruk, nytt somm gamalt er det mykje inspirasjon å henta.




Eg likar å snike på loppemarked og gjennbruksbutikkar. Finn stadig nye ting, som blandt annet lampen over stolen. Den er satt saman av to lamper eg fann. 
Flaskene er store gamle brusflasker kjøpt på auksjon. Og stolen fann tanta mi på ein bruktbutikk, no står den i ståva vår. 
På peishylla ligg ei gammal fjøl funnen i stranda. Kvar den har vert før er det bere den som veit. 




Klikk deg gjerne inn for å sjå andre bidrag :) 

Ha ein fine tirsdags kveld!