Viser innlegg med etiketten ..Vornes... Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten ..Vornes... Vis alle innlegg

27. april 2014

Vårkos på hytta..

For ein månad sidan tok eg bileter av desse blå-plomme blomane. Våren kom tidleg hos oss i år. Mykje sol har me hatt. Med fin temperatur og regn inni mellom er det fritt fram for alt som spirar å gror. Lenge sidan eg  kan hugsa at bjørka er heilt sprungen ut til 17.mai. 
Livet er herleg! 





                                           Fjorden er full i vakre svanar.


Kos på terassen ved hytta. Saftig appelsin smakar godt i vårsola. 



Synes du det skjer lite her på bloggen for tida? 
Følg gjerne på instagram @jentafravornese 

Ha ein fin søndag! 

4. august 2013

Vornes

Ei fine helg med familien på hytta forje helg. Fantastisk med hyttekos, seine sommarkveldar og lang frokost.
På laurdagen laga velforeningen til fiskekonkurangse. 
Klart me vart med! :) 

Med skoddedis som startsutgangspungt vart det sol utover dagen, og den stråla om kapp med alle som tok turen. Ja for kven kan vel la vera å smila når sola står høgt og ein har levande musikk på kaien :) 
Nokre var så heldige å få plassering på pallen og nokre vann på loddsal. 

Me fekk kun to små paler som me mata krabbane med. 
 *ler*












Når fiskarguten sovna for kvelden satt mor og far seg i strandkanten. Med bål for å halda myggen vekke og ferske reker frå nærbutikken. 
..LYKKE..