Viser innlegg med etiketten ..dt-bidrag... Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten ..dt-bidrag... Vis alle innlegg

16. oktober 2017

Paljetter..

Eit full fart kort før avreis til skulen. 
Det vert til tider litt mykje å tenga på før ein dreg avgarde nokre dagar for å studera. 
Men det går som regel godt, sjølv om ein helst skulle unngått denne tidstjuven som et seg inn i antall timar i døgeret. hihi.. 


Her er bidragskortet mitt til Kort O Manias utfordring denne gong. #185 Bruk band eller sløyfe.

Hiv deg med du og, DT Elisabeth har ein flott premie ho sponsar. 
Denne kan bli din :) 

(På kortet nytta eg mønsterark frå Maia Design, nuvo cristal drops, paljetter, vokset bomullstråd og eit hjerte av never.)

Ha ein kreatv dag! 

1. oktober 2017

hurra..

Eit bursdagskort med glade fargar. 
Denne gang er jubileum tema hos KortoMania. 
Eg har rota i restarka mine å brukt to glade fargar til blomsterkortet. 


Stempelet er i frå Alldressedupstamp, som har masse fine stempel. 

Ha ei strålande helg! 

16. september 2017

Sommerfugl kort..

Eg likar så godt sommarfugl arka til Maia design. Både som bakgrunn og som detalj. 
Dette kortet har eg laga for KortoMania sin utfordring i CAS stil. 



På kortet er det brukt: natur kartong, mønsterark frå Maia design, 
stempel frå Panduro og vokset bommulstrå.  

1. september 2017

..bee there..

Tøffingen vår er av og til med i bigarden. Her var han med å hjalp mamma med vårstellet. 
Kos å ha med ein slik liten nyskjerrigper! 
Klart dette måtte dokumenteras. 


Rammen er embosset.

Denne har eg brukt i Kort O Manias utfordring som ligg ute no.



Hiv deg med du og, det er gøy!

16. august 2017

Jentekort

Dette søte stempelet er i frå ppinkydolls.
Brukt på kortet eg laga i utfordringa til Kort O Mania denne gangen. 


mønsterark : maya design
stempel motiv : ppinkydolls
stempel tekst : papirdesign
rosa dotter : nuvo
bling


1. juni 2017

#177 maritim


Maritim er tema i utfordringa til Kort o Mania denne gong. 

Eg har nytta ark med drivved og anker, laga solnedgong med distress cryons oljestifter og bølgeskum er embossing.



Ha ein kreativ deg! 

16. april 2017

#174 konfirmasjon

Kort O Manias utfordring nett no er konfirmasjon. 
Eg har leika meg med dei herlege arka frå myascrap, berre diggar desse. 
Handskrift, tema, fine fargar.

"kjekk konfirmant" skrifta har eg brukt enamel accsent på for å få ein 3d effekt. 


Ha ein kreativ dag! 


1. april 2017

#173 vår

Mitt bidrag til Kort O Manias utfordring nummer #173, VÅR. 
Kva er vel ikkje meir vår enn når påsken står for annmarsj? Då veit ein at laaange haust og vintarmånadar er på hell og sola byrjar å varma. 

På egget har eg brukt eit stempel frå All dressed up stamps, det er så mykje fine digi stempel å finna her :) 



Ha ein kreativ dag! 

1. mars 2017

#171 monokromatisk..

Nytt kort frå meg til Kort O Manias utfordring. 
Denne gang er tema monokromatisk. 
Mitt val vart gråbrun farge som tema. 
Eg berre diggar desse heisprø hundane frå Tim Holtz. 



Eg har brukt ark frå Papirdesign og bazzill i to fargar. Washitape der eg farga brilleglasa med nuvo drops. Stempel Crazy dog frå Tim Holtz. 

Og du? 
Do more of what makes you happy!


16. februar 2017

#170 Bingo

Tid for ny utfordring hos Kort  O. Mania.

Denne gangen er tema bingo. Eg  har latt meg inspirera av knappar, osteklut, farga motiv og emossing. 
Aliciabel har sponsa oss med flott digistempel. Vert ein tur inn å sjå dei fine stemplane ho har. 

Hiv deg med du og då vel :) 

.

Her har eg brukt ark frå Maja design og Tilda frå Panduro. embossing, digistamp frå Aliciabell.com og fargelagt med Promakers og Toush.


16. januar 2017

#168 Shabby chic/vintage

Ny utfordring hos Kort O Mania! 
Denne gang kan du laga noko innan shabby chic eller vintage. 
Eg gjekk for shabby chic. 
Hiv deg med du og då vel, du kan vinna ein flott premie frå Wycinanka. :) 







Eg laga tre små kort i same stil. Korta er 6,5 x 9,5 cm. 
Bakgrunnsarket og stempel teksten er frå Papirdesign. 
Chipboardsen er frå Wycinanka og kjøpt hos Stoffbua. Knoppane på denne er malt med kobberfarga maling. 
Under blomane (som er malt med kvit gesso) har eg mala litt med kvit gesso og ein nydleg grønfarge.

Ha ei kreativ veke! 


16. desember 2016

#166 jul

Ny utfordring hos Kort O Mania. 
Denne gongen er det jul som er tema. 

All dressed up sine digi stempel er berre supersøte. 
Du kan vinna eit ved å vera med inne hos oss i Kort O Mania. 

Her er mitt bidrag denne gongen. 





Bazzil, mønsterark frå Maja Design, tekst stempel frå papirdesign, digi stempel frå All dressed up, blomster, fran tage embossing brukt som snø, gesso, halvperler. 

Hiv meg med i utfordring hos 

Scrappelyst: inspirert av ein sang. Inspirert av Snømannen Kalle 06.09.17


Og det må jo vera prosjekt med embossing på. Rett og slett for eg er veldig glad i å bruke det for tida.  ;) 16.01.17


Ha ein kreativ dag! 

16. november 2016

#164 Alt er lov..

Ny utfordring hos Kort O Mania. 
Denne gongen er alt lov. 
Ta ein tur inn å sjå den flotte inspirasjonen resten av teamet har laga! 

Eg har dekorert ein liten boks. 
Kjem litt i julestemning av å lage slike sjølv om kalenderen fortsatt står på november og regnet pøsar ute. 

Boksen vert nok med på julemarknad. :)


Her har eg brukt boks og juletrær frå Søstrene Grene. 
Isoporkuler til snøballar. 
Osteklut, gamal bok, distress ink, og gesso. 

Hiv meg med i utfordring hos:

Ha ein kreativ dag! :) 

1. november 2016

#163 det snør det snør..

Tid for ny utfordring hos Kort O Mania.

Denne gang med digi stempel frå ppinkydolls. 
Sååå skjønne stempel! 

Her er inspirasjons kortet eg har laga. 
Hiv deg me då vel, me vil sjå masse flotte kort med snø :) 



Her her eg brukt:
Bazzil ark, boble-stensil frå søstrene grene, mariusmønster stensil frå Tim Holtz, god jul dies frå Lindas design, dies frå Nellie Snellie, gull kakeserviett, blomar frå Kort og Godt, frantage, nuvo crystal drops, farget med Toush gråtoner, og ikkje minst digi stamp frå ppinkydolls. 

Ha ein kreativ dag! :) 

16. oktober 2016

Breaking news..

Hurra! :)

For nokre veker sidan vart eg spurd om eg ville vera med på design teamet til Kort O`Mania. Det var ikkje vanskeleg å seia ja til det. Ein kort utfordringsblogg med mykje flott inspirasjon. 

I dag er eg passe spent og litt nervøs. Mitt aller første bidrag og ein presentasjon av meg ligg no ute i bloggen.
Kort O`Mania er no ute med ny utfordring, du finn den og flott inspirasjon frå resten av teamet mitt i bloggen. Denne gang er tema: La det blomster.

Me er sponsa av All dresses up.

Her er kortet mitt. 



Eg gler meg til nye utfordringar vidare, håpar du fyljer med! :)