Viser innlegg med etiketten ..blomster... Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten ..blomster... Vis alle innlegg

1. november 2016

#163 det snør det snør..

Tid for ny utfordring hos Kort O Mania.

Denne gang med digi stempel frå ppinkydolls. 
Sååå skjønne stempel! 

Her er inspirasjons kortet eg har laga. 
Hiv deg me då vel, me vil sjå masse flotte kort med snø :) 



Her her eg brukt:
Bazzil ark, boble-stensil frå søstrene grene, mariusmønster stensil frå Tim Holtz, god jul dies frå Lindas design, dies frå Nellie Snellie, gull kakeserviett, blomar frå Kort og Godt, frantage, nuvo crystal drops, farget med Toush gråtoner, og ikkje minst digi stamp frå ppinkydolls. 

Ha ein kreativ dag! :) 

16. oktober 2016

Breaking news..

Hurra! :)

For nokre veker sidan vart eg spurd om eg ville vera med på design teamet til Kort O`Mania. Det var ikkje vanskeleg å seia ja til det. Ein kort utfordringsblogg med mykje flott inspirasjon. 

I dag er eg passe spent og litt nervøs. Mitt aller første bidrag og ein presentasjon av meg ligg no ute i bloggen.
Kort O`Mania er no ute med ny utfordring, du finn den og flott inspirasjon frå resten av teamet mitt i bloggen. Denne gang er tema: La det blomster.

Me er sponsa av All dresses up.

Her er kortet mitt. 



Eg gler meg til nye utfordringar vidare, håpar du fyljer med! :) 










10. februar 2015

Snart vår..

Snart er våren her.. igjen.. 
Kvar vart det siste året av? 
Tida fyk av stad.. 


Når ein er ute og høyrer fuglane syng av full hals, gradestokken er på + 7,4 grader (noko den for såvidt har vore nesten heile vinteren her), nokre av buskane i hagen har fått knoppar, og livet er berre lækkert. Då er det vanskeleg å ikkje verta inspirert itl å laga eit vår-kort. 




Dette er mitt bidrag til Scrappegarasjens utfordring #7, bruk av washitape. 

Mitt val falt på ein med skjønne blomar og ein med fuglar som syng av full hals :) 
Marius-mønster stensilen er frå Tim Holtz.
Biletet er eit Project Life kort. 
Eg har her lekt meg litt med eit produkt Finnabair har laga. Det er ein matt gel som gav fin 3d effekt. 
Denne er og fin å pensle utanpå bileter for å matte dei ned litt :) 

Fleire som her dilla på # tekststempel frå Staz?? :)