31. august 2014

Svanesjøen..

 Forje helg drog eg og ei venninne på husmorferie til Egersund. Der var det laga til eit kjempe kjekt scrappetreff på Grand Hotell, kan tru me kosa oss :-D
Her er ein av LOane eg laga der.







Denne vert mitt bidrag til Scrappegarasjens ekstra utfordring dei her no i anledning nyopning av nettbutikken sin. 
Her skulle me bruka noko av våre favorittprodukt. For tida er det figurar fra Wycinanca.Som oftast fargar eg dei, men her har eg valt å ha dei slik dei kjem frå butikken. Brukar og ofte washitape, maling og distress ink. Alt dette har eg brukt her og. Saman med favoritt dongeribuksa mi som eg ikkje klarte å kasta før den var heilt oppbrukt, hihi ;) 

Ha ein fin kveld!




10. august 2014

Arbeidskar..

Scrappegarasjen har  ei utordring no. Her er mitt bidrag sånn i siste liten.

Etter å ha sprayet arket har eg brukt stensil og paste for å lage mønster. Dette vart så brukt distress ink på.
Treet var eigentleg mange fargar på, men det har eg farga for så å ha på kobber maling. 
Papirstrimlene er pakkefyll frå jobb. Dette er og farga litt for å få litt meir liv i det. 
Har farga chipboards og festa på button. Dei er utruleg kjekke å ha på LOar og liknande. 
Og du, Scrappegarasjen har myyyykje av dei. Og med Norsk tekst. 






Ha ei fin veke!