Viser innlegg med etiketten ..vår... Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten ..vår... Vis alle innlegg

10. februar 2015

Snart vår..

Snart er våren her.. igjen.. 
Kvar vart det siste året av? 
Tida fyk av stad.. 


Når ein er ute og høyrer fuglane syng av full hals, gradestokken er på + 7,4 grader (noko den for såvidt har vore nesten heile vinteren her), nokre av buskane i hagen har fått knoppar, og livet er berre lækkert. Då er det vanskeleg å ikkje verta inspirert itl å laga eit vår-kort. 




Dette er mitt bidrag til Scrappegarasjens utfordring #7, bruk av washitape. 

Mitt val falt på ein med skjønne blomar og ein med fuglar som syng av full hals :) 
Marius-mønster stensilen er frå Tim Holtz.
Biletet er eit Project Life kort. 
Eg har her lekt meg litt med eit produkt Finnabair har laga. Det er ein matt gel som gav fin 3d effekt. 
Denne er og fin å pensle utanpå bileter for å matte dei ned litt :) 

Fleire som her dilla på # tekststempel frå Staz?? :)

27. april 2014

Vårkos på hytta..

For ein månad sidan tok eg bileter av desse blå-plomme blomane. Våren kom tidleg hos oss i år. Mykje sol har me hatt. Med fin temperatur og regn inni mellom er det fritt fram for alt som spirar å gror. Lenge sidan eg  kan hugsa at bjørka er heilt sprungen ut til 17.mai. 
Livet er herleg! 





                                           Fjorden er full i vakre svanar.


Kos på terassen ved hytta. Saftig appelsin smakar godt i vårsola. 



Synes du det skjer lite her på bloggen for tida? 
Følg gjerne på instagram @jentafravornese 

Ha ein fin søndag!