12. desember 2015

Julekort..

Her er mitt 2. bidrag i Scrappegarasjens adventskalender.
Eit julekort i CAS stil.

Ta deg ein tur innom bloggen deira, 
her er det mykje inspirasjon å henta!

Tusen takk for eg fekk bidra nok ein gong! :-) 
            




Eg er litt meir enn middels engasjert i å finne utstyr som ikkje er meint til scrapping for så å bruka det til nettopp scrapping. Eit av mine funn er desse søte snøballane som eg fann for nokre år sidan.
( Er rimeleg sikker på at dei sto i ei hylle på Nille )
Dei har blandt anna vorte brukt til blåbær før.

Då eg fann denne søte chipboard snømannen var det jo heilt klart at han måtte få nokre snøballar å sjonglera med.  *smiler*

Det eg har brukt her er:
Bazzil,
Chipboards frå Wycinanka,
Kakeserviett,
# Stempel frå Staz,
Snøballar med glitter i isopor,
3D Snow effect,
Dies frå
Stickles i gull.

Ha ein kreativ adventsdag!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

En liten kommentar varmer alltid ett lite hjerte! :)
På forhånd takk! :)