Viser innlegg med etiketten ..advent... Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten ..advent... Vis alle innlegg

18. desember 2015

Gåvepose..

Enda ikkje sett Scrappegarasjen har adventskalender? 
Ein tur innom bloggen deira kan vera plassen for å henta mykje inspirasjon! 
            
Heldige meg har fått lov å bidra med heile tre innlegg i år!
Tusen takk for det! :)

Her er mitt siste bidrag, ein gåvepose.

Søte små juletrær i never fekk seg litt snø.
God gamaldags rettelakk vart til snøfnugg.
Å du?
Hugs å vær uskikkeleg så julenissen og får litt fri ;)






Det eg har brukt her er:
Gåvepose,
Mønsterark frå Papirdesign - Stille natt,
Juletre i never.
Stempel tekst for kaboks,
Hamptau og osteklut,
3D Snow effect,.
Tipp-ex (rettelakk).

Ha ein kreativ adventsdag!

12. desember 2015

Julekort..

Her er mitt 2. bidrag i Scrappegarasjens adventskalender.
Eit julekort i CAS stil.

Ta deg ein tur innom bloggen deira, 
her er det mykje inspirasjon å henta!

Tusen takk for eg fekk bidra nok ein gong! :-) 
            




Eg er litt meir enn middels engasjert i å finne utstyr som ikkje er meint til scrapping for så å bruka det til nettopp scrapping. Eit av mine funn er desse søte snøballane som eg fann for nokre år sidan.
( Er rimeleg sikker på at dei sto i ei hylle på Nille )
Dei har blandt anna vorte brukt til blåbær før.

Då eg fann denne søte chipboard snømannen var det jo heilt klart at han måtte få nokre snøballar å sjonglera med.  *smiler*

Det eg har brukt her er:
Bazzil,
Chipboards frå Wycinanka,
Kakeserviett,
# Stempel frå Staz,
Snøballar med glitter i isopor,
3D Snow effect,
Dies frå
Stickles i gull.

Ha ein kreativ adventsdag!

5. desember 2015

Juletag..

Har du sett at Scrappegarasjen har adventskalender? 
Velkomen ein tur innom bloggen deira. 
Her er det mykje inspirasjon å henta! 

Eg er så heldig at eg får lov å bidra med heile tre innlegg!
Tusen takk for det! :)

Her er mitt første bidrag, ein juletag.





Eg berre diggar dei tøffe fuglane frå Tim Holtz. Dei kjem både i stempel og i dies. 
Nok ein svakhet er drivved og marius-mønster. *ler*
Baksida av tagen fekk eit røft feldt til å skriva ei helsing på. 

Dette har eg brukt:
Ark, Papirdesigns juleserie - Stille natt, Vinterstrikk,
Fuglestempel, Tim Holtz - Bird crazy.
Nissehue og sløyfe stempel, Tim Holtz - Crazy things,
Hampetau og Osteklut
Distress ink - fired brinck
Bokark frå gamal bok, 
Maling og fargeblyant.

Ha ein kreativ adventsdag!