Viser innlegg med etiketten ..barnerom... Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten ..barnerom... Vis alle innlegg

11. august 2013

Tavlemaling..

Goguten vår har fått ein heil vegg på rommet han kan utfolde sin kreativitet. 
Ein veit ein har gjort noko rett når han kjem heim frå ferie og får ett kritt i handa, snur seg mot meg og seier: Tusen takk mamma for du har laga sånn fiiin vegg te meg! 
ÅJ, og sånn med stjerner på! Eg eeelska stjerner! 
*Smelt* 
Skal ikkje ta all krediten for rommet, for det er ein som har gjort mykje meir enn meg,hihi ;) 








Rommet har fleire detaljar i rødt og med traktor motiv. Vart nødt til å ta klokka med heim, er jo ein Massey Ferguson på den ;) 
Lampa er frå Clas Ohlson og finnes med fleire fargar på ledningen og motiv på kuppelen. Eg fekk denne då eg var på Haugakos bloggtreff. Eller eigentleg fekk eg ei svart, men sidan skjønne Vidunderleg spurte så fint bytta eg mot hennar raude. Var jo midt i blinken når eg endeleg fann ut kor den skulle vera ;)
Takk til Vidunderleg og ikkje minst Clas Ohlson
Treskoa kjem frå ein besøksgard i Amsterdam.

Ha ei fin veke!

14. april 2013

inspirasjon barnerom..



 
 





 
Fann litt inspirasjon til guten som likar kjøretøy, stjerner, bokstavar og tall. Nye rommet hans vert i gråtonar så litt fargar må ein jo ha :) H&M Home har mykje artig i hyllene.
 
Her har me hatt ein skikkeleg kosedag idag med bollebaking og fyr i ovnen.
Ute regnar og bles det. Etter så mange finversdagar utan nedbør er det godt det vert vatna litt ute!
 
Ha ein fin søndagskveld:)